Skip to content

Lagmesterskap hopp utan tilløp

Mandag 31.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp. Alle øvingane startar kl 1800. Det er klassar frå 13 år og oppover.

Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra hopp i tristeg medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.
Det er lov å etterpåmelda seg på stevnet. Det blir lagt ut startkort på eit bord i hallen. Fyll ut eitt for kvar øving du vil bli med på. Skriv namn og øving. Blått kort for høgde og grønt for lengde og tristeg. Gi kortet til øvingsleiar.

Online påmelding (frist søndag kl 23:59)

Tidsskjema

COOP Jærcup 8

Torsdag 15.september kl 1730 er det klart for årets siste COOP Jærcup på Sandnes stadion. Husk at du må ha eit resultat i kvar av øvingskategoriane; sprint, lange løp, hopp og kast.
Påmeldingsfristen var søndag 11.september kl 23:59. Etterpåmelding foregår på mail til else.storhaug at lyse.net fram til onsdag kl 1800.
Hold deg oppdatert på COOP Jærcup her.

Tidsskjema
Resultatservice

 

Høstlekene 2022

Helga 10.-11.september er det klart for Høstlekene på Sandnes stadion. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. For langdistanseløparane er det lagt inn 10000 meter.

Etterpåmelding fram til torsdag kl 2000 på mail til else.storhaug at lyse.net. Etter dette tidspunktet foregår etterpåmelding ved å møta ved øvingsstad 15min før øvingsstart og spør øvingsleiar/startordnar om du kan få bli med.

Stafettklassar søndag:
4x60m G10-12, J10-12, G13-14, J13-14
1000m stafett J15-KS, G15-MS

Det er mogleg å melda på mikslag. Slike lag stiller i gutte/herre-klassen.
Informasjon om påmelding av stafettlag finner du i link til invitasjon under.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice bak namnet ditt for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir brukt i alle øvingar og kan hentast i Raddlastovå individuelt.

Husk skoreglene som gjelder i heat/grupper som inkluderer utøvarar frå og med 18 år. Viss du er i tvil om du har lovlege sko, fins det ei god oversikt over spørsmål og svar knytta til dette her.
Me vil spesielt gjera merksam på at det t.d. ikkje er tillatt med joggesko med tjukkare skosåle enn 2,5cm på 800m og lengre og 2,0cm på løp under 800m.

Invitasjon

Tidsskjema laurdag

Tidsskjema søndag

Resultatservice

 

 

COOP Jærcup 6

Torsdag 25.august kl 1730 er det klart for COOP Jærcup 6 på Sandnes stadion. Stevnet skulle opprinneleg gå på Frøyland stadion, men er altså flytta. Påmeldingsfrist er laurdag 20.august kl 2359.

Du kan etterpåmelda deg, avhengig av kapasitet, fram til tirsdag 23.august kl 1800 ved å senda mail til Else Storhaug (else.storhaug(at)lyse.net).
Etter dette tidspunktet foregår ønske om etterpåmelding ved å møta til øvingsstart arrangementsdagen og spør startordnar/øvingsleiar om du kan få delta.

Det er ikkje avkryssing på dette stevnet. Startnummer blir kun brukt på 600m og 800m. Dette blir delt ut til utøvarane kort tid før start.

Hold deg oppdatert på COOP Jærcup her

Tidsskjema

Link til resultatservice/startlister

COOP Jærcup 3 inne

Torsdag 24.februar er det klart for årets siste Jærcup inne. Stevnet startar kl 1700 for 10-14-åringar og 1930 for dei som er frå 15 år og oppover. Merk at også 10-åringar kan melda seg på.

Praktisk informasjon:
Smittevern: Stevner kan nå arrangerast som normalt. Publikum er tillatt.
Parkering: Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).

Utøvarinfo:
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
Avmelding på arrangementsdagen: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice.
I link til resultatservice finner du startlister. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i startlistene. Viss det er ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Etterpåmelding foregår også ved å senda mail til Else.

Tidsskjema 10-14

Tidsskjema 15+

Resultatservice

Streaming

Velkommen!

Search