Skip to content

COOP Jærcup inne

Torsdag 18.Januar er det klart for Jærcup inne. Stevnet startar kl 1700 for 10-14-åringar og 1915 for dei som er frå 15 år og oppover.

Parkering:
Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).

Utøvarinfo:
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
Etterpåmelding på arrangementsdagen: Møt ved aktuell øving 15min før start og spør startordnar/øvingsleiar om du kan bli med. For tekniske øvingar går dette stort sett greitt. På løp kan det vera vanskelegare å få til, men det hjelper viss du allereie er forhåndspåmeldt i annan øving i stevnet.
Avmelding på arrangementsdagen: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice.
Under vil det snart komma link til tidsskjema, startlister og resultatservice. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i startlistene. Viss det er ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Sølvi Rabben på mail solvi.rabben@icloud.com.

Tidsskjema 10-14

Tidsskjema 15+

Startlister og resultatservice

 

Velkommen!

Lagmesterskap hopp utan tilløp 2023

Mandag 30.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp. Utanom lagmesterskapet er det lagt inn ordinær tristeg. Det er klassar frå 12 år og oppover.

Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra lengde medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.
Det er lov å etterpåmelda seg på stevnet. Det blir lagt ut startkort på eit bord i hallen. Fyll ut eitt for kvar øving du vil bli med på. Skriv namn og øving. Blått kort for høgde og grønt for lengde og tristeg. Gi kortet til øvingsleiar.

Online påmelding (frist søndag kl 21:00)

Tidsskjema

COOP Jærcup 8

Velkommen til COOP Jærcup 8 på Sandnes stadion onsdag kl 1730.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice, bak namnet ditt, for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir kun brukt i øvingar lenger enn 400m og blir levert ut ved start kort tid før løpet.

Viss du ikkje har meldt deg på i iSonen: Etterpåmelding foregår ved å senda mail til else.storhaug@lyse.net fram til tirsdag kl 1800. Etter dette tidspunktet må du møta ved øvingsstart og spør øvingsleiar om du kan få lov til å delta.

Tidsskjema

Resultatservice inkl startlister

Høstlekene 2023

Høstlekene går i år over ein dag; søndag 17.september frå kl 1500. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. For sprintarane er det td lagt inn den uvanlege øvinga 2x100m stafett. Start foregår her på 200m med vekslingsfelt lik siste veksling 4x100m. For dei yngste er det 4x60m. All påmelding til stafettane foregår på eige skjema som du får på stevnekontoret i Raddlastovå. Det er mogleg å melda på mikslag. Slike lag stiller i gutte/herre-klassen.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice, bak namnet ditt, for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir kun brukt i øvingar lenger enn 400m og blir levert ut ved start kort tid før løpet.

Viss du ikkje har meldt deg på i iSonen: Etterpåmelding foregår ved å senda mail til else.storhaug@lyse.net fram til laurdag kl 1800. Etter dette tidspunktet må du møta ved øvingsstart og spør øvingsleiar om du kan få lov til å delta.

Invitasjon

Tidsskjema

Resultatservice og startlister

Påmelding 2x100m stafett 15-MS/KS

COOP Jærcup 6

Torsdag 17.august går haustens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.

Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.

Tidsskjema

Resultatservice

Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i der. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Lagstur til Tyrvinglekene

Klubbtur til Tyrvinglekene 2023

Tyrvingelekene er landets største friidrettsstevne for barn og ungdom. Det blir arrangert 16.-18. juni 2023 i Bærum Idrettspark.
Sandnes IL pleier å delta med mange utøvarar på dette stevnet. I år planlegger me lagstur med buss til Bærum.

Transport
Avreise
Med stor buss frå Sandnes stadion torsdag morgon 15.juni kl 0730. Ankomst Bislett stadion torsdag ettermiddag ca kl 16-17, avhengig av trafikk. Det blir ein «beinstrekk» i Lyngdal, samt 45-60min pause ved Brokelandsheia, der det er fleire spiseplasser og dagligvarebutikk. Det bli antagelegvis høve til å køyra innom Scandic Hotel i Asker, før turen går mot Oslo og Bislett Games. Men dette er avhengig av trafikkforhold. Husk SI-jakke på Bislett Games.

Retur
Frå Bærum Idrettspark søndag ettermiddag kl 1600. Ankomst Sandnes stadion søndag rundt midnatt. Det blir ein pause på 45min på veg heim også.

Overnatting
Hotell Scandic Asker torsdag – søndag. Informasjon om romfordeling blir lagt ut etter påmeldingsfristen.

Eigenandel
Eigenandel er satt til 1600 kr per utøvar. Dette dekker buss, hotell og T-skjorte.

Billettar
Rabatterte billettar til Bislett Games får du ved å fylla ut dette skjemaet.

Påmelding
Påmelding til lagsturen foregår ved å fylla ut dette skjemaet.
Utøvarane står sjølv for påmelding til sine øvingar i iSonen. Husk å meld deg av øvingar som du veit du ikkje kjem til å delta i før påmeldingsfristen 8.juni går ut, slik at laget slepper ekstrautgifter.
Viss du er usikker på om du kan blir med på heile fellesopplegget, melder du deg på og skriver ein kommentar om det i kommentarfeltet i skjemaet. T.d. i samband med uavklart muntleg eksamen.

Påmeldingsfrist for lagsturen: torsdag 25.mai

Link til arrangementene:
https://tyrvinglekene.no/2023/03/velkommen-pa-tyrvinglekene/
https://oslo.diamondleague.com/oslo/

Search