Skip to content

Høstlekene 2023

Høstlekene går i år over ein dag; søndag 17.september frå kl 1500. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. For sprintarane er det td lagt inn den uvanlege øvinga 2x100m stafett. Start foregår her på 200m med vekslingsfelt lik siste veksling 4x100m. For dei yngste er det 4x60m. All påmelding til stafettane foregår på eige skjema som du får på stevnekontoret i Raddlastovå. Det er mogleg å melda på mikslag. Slike lag stiller i gutte/herre-klassen.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice, bak namnet ditt, for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir kun brukt i øvingar lenger enn 400m og blir levert ut ved start kort tid før løpet.

Viss du ikkje har meldt deg på i iSonen: Etterpåmelding foregår ved å senda mail til else.storhaug@lyse.net fram til laurdag kl 1800. Etter dette tidspunktet må du møta ved øvingsstart og spør øvingsleiar om du kan få lov til å delta.

Invitasjon

Tidsskjema

Resultatservice og startlister

Påmelding 2x100m stafett 15-MS/KS

COOP Jærcup 6

Torsdag 17.august går haustens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.

Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.

Tidsskjema

Resultatservice

Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i der. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Lagstur til Tyrvinglekene

Klubbtur til Tyrvinglekene 2023

Tyrvingelekene er landets største friidrettsstevne for barn og ungdom. Det blir arrangert 16.-18. juni 2023 i Bærum Idrettspark.
Sandnes IL pleier å delta med mange utøvarar på dette stevnet. I år planlegger me lagstur med buss til Bærum.

Transport
Avreise
Med stor buss frå Sandnes stadion torsdag morgon 15.juni kl 0730. Ankomst Bislett stadion torsdag ettermiddag ca kl 16-17, avhengig av trafikk. Det blir ein «beinstrekk» i Lyngdal, samt 45-60min pause ved Brokelandsheia, der det er fleire spiseplasser og dagligvarebutikk. Det bli antagelegvis høve til å køyra innom Scandic Hotel i Asker, før turen går mot Oslo og Bislett Games. Men dette er avhengig av trafikkforhold. Husk SI-jakke på Bislett Games.

Retur
Frå Bærum Idrettspark søndag ettermiddag kl 1600. Ankomst Sandnes stadion søndag rundt midnatt. Det blir ein pause på 45min på veg heim også.

Overnatting
Hotell Scandic Asker torsdag – søndag. Informasjon om romfordeling blir lagt ut etter påmeldingsfristen.

Eigenandel
Eigenandel er satt til 1600 kr per utøvar. Dette dekker buss, hotell og T-skjorte.

Billettar
Rabatterte billettar til Bislett Games får du ved å fylla ut dette skjemaet.

Påmelding
Påmelding til lagsturen foregår ved å fylla ut dette skjemaet.
Utøvarane står sjølv for påmelding til sine øvingar i iSonen. Husk å meld deg av øvingar som du veit du ikkje kjem til å delta i før påmeldingsfristen 8.juni går ut, slik at laget slepper ekstrautgifter.
Viss du er usikker på om du kan blir med på heile fellesopplegget, melder du deg på og skriver ein kommentar om det i kommentarfeltet i skjemaet. T.d. i samband med uavklart muntleg eksamen.

Påmeldingsfrist for lagsturen: torsdag 25.mai

Link til arrangementene:
https://tyrvinglekene.no/2023/03/velkommen-pa-tyrvinglekene/
https://oslo.diamondleague.com/oslo/

COOP Jærcup 1

Torsdag 4.mai går sesongens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.

Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.

Her kjem det snart link til resultatservice. Der finner du startlister. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i der. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Tidsskjema

Resultatservice

Har du lyst til å hjelpa til under NM Junior?

25.-27.August 2023 går NM Junior på Sandnes stadion. I samband med dette er det behov for mange gode hjelparar. Viss du har lyst til å bli med som frivillig, er det fint viss du fyller ut dette skjemaet med kva du har lyst til å bidra med, så tar me kontakt. Fyll gjerne ut skjemaet også om du enda ikkje er heilt sikker på om det passer, slik at me veit om deg. Det er eige valg for dette i skjemaet.

COOP Jærcup 3 inne

Torsdag 9.mars går sesongens siste COOP Jærcup. Stevnet startar kl 1700 for 10-14-åringar og 1930 for dei som er frå 15 år og oppover.
Merk at det er lagt inn 100m for utøvarar frå 15 år og eldre.

Utøvarinfo:
Påmelding: Online i iSonen. Frist er søndag 5.mars kl 23:59.
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
I link til resultatservice finner du startlister. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i startlistene. Viss resultat brukt som grunnlag for seeding av løp ikkje stemmer, kan du gi innspel om dette her.  For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Tidsskjema 10-14
Tidsskjema 15+
Resultatservice med startlister
Skjema for registrering av resultater mtp seeding
Streaming

Parkering
Husk at det også er mogleg å parkera ved Sandve skole. Markert med raudt nedfor. Denne ligger i kort gangavstand til Sandneshallen.

KM Rogaland inne 2023

Laurdag 25.februar kl 1100 er det klart for årets KM Rogaland inne i Sandneshallen. Mesterskapet er for utøvarar frå 11 år og oppover.

Påmelding
Foregår i iSonen med påmeldingsfrist mandag 20.februar kl 23: https://isonen.no/event/cla5m63c2136532811atycusro0c
Avmelding kan ikkje utførast i iSonen etter at påmeldingsfristen har gått ut. Les meir om koss du melder deg av etter at påmeldingsfristen har gått ut under «Opprop».
Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.
Aktuelle klassar og stafettøvingar her er:

  • G11/12,  J11/12: Donald-stafett (4x60m shuttle)
  • G13/14, J13/14, MS og KS: 4x200m stafett.

Opprop
Det er IKKJE avkryssing på arrangementet. Istadenfor melder du frå viss du IKKJE ønsker å stille i ei gitt øving. Dette foregår ved at du trykker på søppelbøtteikonet i startlistene på nett ved siden av navnet du ønsker å melde av. Muligheten til denne formen for elektronisk avmelding er tilgjengelig fram til øvingsstart. Når du veit at du ikkje stiller, kan det vera lurt å melde seg av på denne måten med ein gong. Du kan bruka både PC og mobiltelefon.
Alternativt kan du melda deg av ved å senda SMS til tlfnr 98233356. Husk øving og namn.
Det blir fakturert dobbel startkontingent for utøvarar som ikkje melder frå at dei ikkje stiller i forkant av aktuell øving.
Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette.

Superfinalar
Det vil bli gjennomført superfinalar for klassane fom 15 år på 60m. Superfinalane blir ikkje premiert, kun foregåande løp i påmeldt klasse. Viss det er fleire enn åtte som deltar i ein gitt klasse, vil det bli satt opp seada heat der tider er gjeldande i medaljekampen.
Deltakarar som ikkje ønsker å løpa superfinale melder frå om dette til startordnar før sin første 60m.
For klassar yngre enn 15 år blir det satt opp seeda heat, der tider avgjer medaljefordeling.

Startnummer
Startnummer blir brukt under stevnet i alle øvingar for alle klassar. Dette blir delt ut enkeltvis på stevnekontoret. Individuelt startnummer blir også brukt på stafettar søndag. Dvs. det blir ikkje delt ut eigne startnummer for stafett.

Piggsko
Det er ingen særkrav til bruk av piggar på friidrettsflatene i Sandneshallen. Det betyr at det er tillatt med opp til 9mm spisse piggar på friidrettsflatene. Merk at høgde kan foregå med tilløp på fleirbruksområdet der det kun er tillatt med opp til 9mm butte piggar.

Tidsskjema og resultatservice
Tidsskjema
Resultatservice/startlister
Streaming

Me vil oppmoda om at alle ser over startlistene at de er påmeldte der de forventer det. Gi beskjed til else.storhaug@lyse.net viss de ser noko som ikkje stemmer.

Search