Skip to content

Lagmesterskap hopp utan tilløp

Mandag 25.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp.
Alle øvingane startar kl 1800.

Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra hopp i lengde medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.

Resultater

SI-stevne 5

Det er etterapprobert stevne Torsdag 5.august kl 1800 på Sandnes stadion med øvingane: 60m (kun for yngre klassar), 100m, 200m, 400m, 600m (kun for yngre klassar), 800, lengde, kule og spyd. Stevnet er for alle utøvarar frå og med 10 år og oppover. Fleire øvingar kan bli lagt til (td mellomdistanse). Lista over øvingar ovanfor blir isåfall oppdatert.

Skoskjema for utøvarar

Publikumspåmelding

Tidsskjema

Resultatservice

Vindsprint

Søndag kl 1600 er det klart for årets utgåve av Vindsprint på Sandnes stadion. Dette er femte året dette arrangementet blir gjennomført. Pengepremiar for 10000 kroner skal fordelast på dei tri beste menna og dei tri beste kvinnene. Følg stevnet på arrangementet sine nettsider.

Utøvarar som skal delta må huska å fylla ut skoskjema som fins på arrangementet sine nettsider. Publikum og trenarar må huska på å fylla ut publikumsskjema som også fins der.

SI – stevne 2 for alle kommunar og nivå

Det er nå stadfesta at trinn to av gjenåpningsplanen inkluderer høve for stevnedeltaking på tvers av kommunar og fylker, uavhengig av nivå og alder. Difor er det gledeleg å endeleg kunna invitera alle til SI-stevne 2 på Sandnes stadion torsdag 10.juni kl 1900. Øvingane som er satt opp er 60m hekk, 60m, 100m, 200m, 400m, 1500m, høgde og lengde.

Påmelding for trenarar og publikum

Tidsskjema

Resultater

Search