Skip to content

Informasjon om klubb- og toppidrettsstevner i helga

Sandnes IL ønsker velkommen til klubb- og toppidrettstevner i helga. Det er gjort nokre justeringar etter at myndighetene torsdag informerte om mindre restriksjonar for idretten. Kanskje viktigast å merka seg er at det nå er fleire som kvalifiserer til å delta i toppidrettsdelen. NM-kvalifiserte utøvarar som ønsker å etterpåmelda seg, eller flytta over frå klubb til toppidrettsdel kan ta kontakt med Else Storhaug på mail: else.storhaug@lyse.net.

Tidsskjema
Resultatservice
Streaming
Skoskjema

Nytt stevnetilbud 15.-16.januar

Som alternativ til Sørvestmesterskapet, som blir utsatt til 26.-27.februar, arrangerer Sandnes IL eit mindre stevne på opprinneleg helg 15.-16.januar. Søndag 16.januar blir kun brukt som arrangementsdag viss interessa for klubbstevnedelen er stor.

Klubb/lagsvise stevnedelar

Kvar klubb/lag melder inn sine ønsker for ein eller fleire stevnedelar der grupper på opp til 20 utøvarar frå og med 15 årsklassen kan gjennomføra sine øvingar. Ønsker blir sendt til Else Storhaug på mail; else.storhaug@lyse.net, av ein koordinator (oppmann, leiar, sportsleg leiar o.l) for klubben innan tirsdag 11.januar kl 23:59 og må innehalda ønska øvingar, namn og alder på utøvarar og fordeling av utøvarar og øvingar per gruppe der det er ønskeleg med meir enn ei gruppe. Aldersgruppene 13-14 år kan bli vurdert viss det er ønske om det. T.d. som eit alternativ for dei som har få 15+ utøvarar og difor lite intern-konkurranse i klubben.
Oppvarming foregår på fleirbruksområdet med adgang gjennom garderobar i underetasjen. Oppvarmingsområdet vil vera fysisk avsperra frå konkurrenseområdene. Det blir tildelt oppvarmingstid i forkant av stevnedel. Dette foregår parallelt med at anna klubb/lag gjennomfører sin stevnedel.
Me ber om forståing for at me av praktiske grunnar ikkje nødvendigvis kan møta alle ønsker/behov frå klubbar/lag.
Det er ingen geografiske avgrensingar på kva klubbar/lag som kan benytta seg av dette tilbudet.

Toppidrett
Etter stevnedelane dedikert til klubbar/lag laurdag, blir det gjennomført ein stevnedel for toppidrettsutøvarar som er definert som dette på arrangementsdagen.
Øvingsutvalg blir satt opp etter innspel/ønsker. Foreløpige øvingar for nasjonalt stevne toppidrett:

Kvinner: 60m, 100m, 60mhk, 400m, høgde, lengde
Menn: 60m, 100m, lengde
Det blir gjennomført ekstraløp på 60m, viss utøvarane ønsker det.
Påmelding til toppidrettsdelen av stevnet foregår på ordinært vis gjennom MinIdrett. Link til påmelding finner du her.

Merk følgande:

  • Det er ikkje mogleg å delta både i stevnedel for klubb/lag og for toppidrett. Viss du er usikker på kva del du ønsker å delta i, sørger du får at du blir meldt på begge og at arrangør får beskjed om kva for ein del du ønsker å delta i seinast 24 timar før aktuell øving. Det er per 7.januar anbefalt å gjera det på denne måten, i slike tilfeller, då det nå er noko uklart kva toppidrettsdefinisjon som vil gjelda 15.-16.januar.
  • Utøvarar kan ikkje entra konkurranseområdet før starttidspunktet for tildelt stevnedel for deira klubb/lag.
  • Spisse piggar skal ikkje brukast på fleirebruksområdet. Det vil bli avsatt tid mtp piggskodrag og annan spesifikk oppvarming i stevnedelen.
  • Arrangementet vil fortløpande bli justert ihht nasjonale smittervernsreglar og anbefalingar inn mot arrangementsdato.
  • Det vil ikkje bli adgang for publikum. Me satser på å få publisert streaming frå stevnedelane.
  • Journalistar, fotografar og øvrig media kan be arrangør om akkreditering.
  • Alle stevnedelar blir approbert slik at oppnådde resultater blir godkjent.

Sjølv om me har ei heil helg til å gjennomføra på, vil det diverre ikkje vera mogleg for alle å få konkurrert slik det er ønske om. Men me håpar dette kan vera eit kjærkomment tilbud under utfordrande forhold.
Dette stevnetilbudet har blitt utforma i samarbeid med NFIF og Sandnes kommune.

Stevner vinteren 2022

Ihht nasjonale smittevernstiltak som gjelder i perioden 16.desember – 12.januar, er det ikkje anbefalt å arrangera stevner inne for andre enn toppidrettsutøvarar og for dei som allereie trener saman til dagleg.

Toppidrettsutøvere, støttepersonell og dommere vil fortsatt ha forskriftsfestede unntak fra kravene til avstand ved gjennomføring av toppidrettsarrangementer. De skal heller ikke regnes med blant det antallet personer som kan være til stede på et arrangement.

Det anbefales å utsette eller avlyse gjennomføring av arrangementer tilknyttet organiserte fritidsaktiviteter på tvers av ulike grupper for alle aldersgrupper, barn og voksne.

(regjeringen.no)

Sandnes IL velger difor å avlysa COOP Jærcup 1 som skulle gått 6.januar. Me planlegger heller å gjennomføra mindre stevner for toppidrettsutøvarar og grupper som trener saman til dagleg. Stevnene vil bli gjennomført ihht forskrift i Lovdata. Dvs maks 20 per gruppe (unnatak for toppidrett) som kan konkurrera mot kvarandre om gangen.
Me ser det som viktigare at folk få trent i Sandneshallen perioden Jærcup 1 skulle gått, enn at det blir gjennomført eit lite effektivt stevne der svært få kunne konkurrert samstundes.

Utover dette har Sandnes IL planlagt tri stevner/arrangement i Sandneshallen i vinter. Det er:

Sørvestmesterskapet 2022 – 15.-16.januar
COOP Jærcup 2 inne – 15.februar
COOP Jærcup 3 inne – 24.februar

Oppdatert informasjon om Sørvestmesterskapet blir lagt ut søndag 2.januar.
Generell informasjon om stevnene blir lagt ut fortløpande uavhengig av tiltaksnivå mtp smittevern. Typisk vil detaljert informasjon om organisering bli publisert ei veke før stevnestart når me kjenner til kva smittevernstiltak som gjelder på det aktuelle tidspunktet. Dette inkluderer td stevneinndeling for aktuelle klassar mtp maksantall som kan vera på banen samstundes, påmeldingsskjema for trenarar og evt publikum og evt geografiske, aldersmessige og nivåmessige avgrensningar.
Ved justeringar av smittevernstiltak, frå lokale eller nasjonale myndigheter, tett opp til stevnet, vil det bli lagt ut fortløpande oppdateringar i aktuell web-sak om konsekvensar for organisering og stevnegjennomføring.

 

Lagmesterskap hopp utan tilløp

Mandag 25.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp.
Alle øvingane startar kl 1800.

Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra hopp i lengde medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.

Resultater

SI-stevne 5

Det er etterapprobert stevne Torsdag 5.august kl 1800 på Sandnes stadion med øvingane: 60m (kun for yngre klassar), 100m, 200m, 400m, 600m (kun for yngre klassar), 800, lengde, kule og spyd. Stevnet er for alle utøvarar frå og med 10 år og oppover. Fleire øvingar kan bli lagt til (td mellomdistanse). Lista over øvingar ovanfor blir isåfall oppdatert.

Skoskjema for utøvarar

Publikumspåmelding

Tidsskjema

Resultatservice

Vindsprint

Søndag kl 1600 er det klart for årets utgåve av Vindsprint på Sandnes stadion. Dette er femte året dette arrangementet blir gjennomført. Pengepremiar for 10000 kroner skal fordelast på dei tri beste menna og dei tri beste kvinnene. Følg stevnet på arrangementet sine nettsider.

Utøvarar som skal delta må huska å fylla ut skoskjema som fins på arrangementet sine nettsider. Publikum og trenarar må huska på å fylla ut publikumsskjema som også fins der.

Search