Løpsstevne med 600m og 800m
Onsdag kl 1900 blir det arrangert stevne med 600m, for 13- og 14-åringar, og 800m, for dei som er 15 år og eldre, på Sandnes stadion.
Tidsskjema:
1900 800m
1910 600m
Onsdag kl 1900 blir det arrangert stevne med 600m, for 13- og 14-åringar, og 800m, for dei som er 15 år og eldre, på Sandnes stadion.
Tidsskjema:
1900 800m
1910 600m
Bilder fra begge dagene HER
22.-23.august er det klart for KM på Sandnes stadion. Arrangementet startar kl 1100 laurdag og søndag og er for utøvarar frå og med 13 år og oppover.
Det blir diverre ikkje streaming av KM, som først annonsert.
Påmelding for tranarar og publikum
Resultatservice med startlister og heat-/gruppeoppsett
OPPROP
Det er IKKJE avkryssing på arrangementet. Istadenfor melder du frå viss du IKKJE ønsker å stilla i ei gitt øving. Dette foregår ved å trykka på søppelbøtteikonet i startlistene på nett ved sidan av namnet du ønsker å melda av. Muligheten til å avmelding er tilgjengeleg fram til øvingsstart. Viss du veit allereie at du ikkje stiller, kan det vera lurt å melda seg av på denne måten nå. Du kan bruka både PC og mobiltelefon.
Alternativt kan du melda deg av ved å senda SMS til tlfnr 98233356. Husk øving og namn.
Viss du lar vær å stilla til start, utan å ha gitt beskjed om det, blir du fakturert for dobbel startkontingent.
STARTNUMMER
Startnummer er kun i bruk på 600m, 800m og 1500m. Dette blir delt ut av startordnar ved startområdet 10 min før løpet.
Sandnes IL og IL Skjalg inviterer til stevne på Sandnes stadion førstkommande torsdag, 6.august. Stevnestart er kl 1800.
Øvingsutval er 100m, 200m, 400m, 100m hekk og 300m hekk. Klassar frå 13 år og oppover.
Heatoppsett, startlister og resultatservice
Søndag kl 1600 er det klart for årets utgåve av Vindsprint på Sandnes stadion. Dette er fjerde året dette arrangementet blir gjennomført. Pengepremiar for 10000 kroner skal fordelast på dei tri beste menna og dei tri beste kvinnene. Følg stevnet på arrangementet sine nettsider.
Det blir arrangert 1500m på Sandnes stadion for klassar frå 13 år og oppover fredag 3.juli kl 1900.
Velkommen!
Mandag 15.juni er det klart for Jærcup 1 for utøvarar frå og med 13 år og oppover. Det er god påmelding og meldt supre forhold, så her er det bare å gleda seg!
Stevnet er delt i to. Første del for aldersgruppene 13 og 14, med kjerneperiode 1700-1830. Andre del for aldersgruppene frå 15 år, og oppover, med mesteparten av øvingane frå kl 1930.
Det blir åpen kiosk.
Merk at stavkonkurransen blir gjennomført i Sandneshallen med start kl 1630.
Tribunepåmelding – registrering for trenarar, familie og andre interesserte.
Resultatservice og startlister – husk å meld deg av i resultatservice viss du ikkje skal bli med.
Velkommen!
Tirsdag 3.mars går siste utgåve av årets inneversjon av Jærcup-serien med rundt 300 deltakarar. Stevnet startar kl 1700 og er ferdig kl 2100.
Tidsskjema 11-14
Tidsskjema 15+
Resultatservice og avmelding
Merk at det er ønskeleg at utøvarar som ikkje stiller i ei gitt øving, melder frå om dette via nettsidene for resultatservice. Det er mogleg å melda seg av heilt inntil start vha å klikka på søppelbøtta på sida av namnet sitt.
Avmeldinga vil kun gjelda aktuell øving. Dvs du kan fortsatt stilla i andre øvingar du har meldt deg på.
Praktisk informasjon:
Parkering: Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).
Startnummer hentes på stevnekontoret, og det er KUN de som skal løpe lengre enn 200m som trenger startnummer. Startnummer blir ikke brukt i tekniske øvelser. Stevnekontoret ligger i 2. etg rett til venstre når du går inn i hallen.
Kiosken er i 1. etg. Og utvalget er pølser, påsmurte rundstykker, drikke, kaffe kaker mm. Betaling via Vipps, kort eller kontant.
Det er KUN funksjonærer, dommere, trenere og utøvere som kan være på indre bane. Foreldre og andre tilskuere bes følge stevnet fra tribunen.
Velkommen!
På torsdag, 20.februar, er det klart for årets andre Coop Jærcup inne i Sandneshallen. Det er 316 påmeldte fordelt på 561 startar. Stevnet startar kl 1700 og er ferdig kl 2100.
Praktisk informasjon:
Parkering: Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).
Startnummer hentes på stevnekontoret, og det er KUN de som skal løpe lengre enn 200m som trenger startnummer. Startnummer blir ikke brukt i tekniske øvelser. Stevnekontoret ligger i 2. etg rett til venstre når du går inn i hallen.
Kiosken er i 1. etg. Og utvalget er pølser, påsmurte rundstykker, drikke, kaffe kaker mm. Betaling via Vipps, kort eller kontant.
Det er KUN funksjonærer, dommere, trenere og utøvere som kan være på indre bane. Foreldre og andre tilskuere bes følge stevnet fra tribunen.
Velkommen!
På søndag kl 1100 er det klart for årets KM Rogaland inne i Sandneshallen. 178 utøvarar, er påmeldt, fordelt på 366 startar. Dette er eit fint høve til å finspissa formen før NM, noko startlistene også bærer preg av.
Merk at det er opprop i alle løpsøvingar, ein time før start, i alle klassar. Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette slik at me unngår utøvarar som ikkje får stilla til start.
Det vil bli gjennomført superfinalar for klassane fom 15 år på 60m. Unnataket er 60m J15 der det blir avholdt eigen finale. Viss det blir åtte eller færre som stiller til start i denne klassen, vil desse heller gå inn i kvalifiseringsuttaket til superfinalen. I alle kvalifiseringsrundar er tid avgjerande.
Viss det er åtte eller færre etter opprop 60m G13, blir det direkte finale på oppsatt tidspunkt for kvalifisering.
Tristeg og 100m klasse for funksjonshemma, er innlagte øvingingar utanfor mesterskapet og blir ikkje premiert.
Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.
Åtte utøvarar frå SI reiste i helga til Bergen for å delta på Nornalekene. I fjor var dette det fjerde største innandørsstevnet her til lands.
Det blei medaljar og flotte personlege rekordar på fleire.
Nora Haugen tok gull i klassen for jenter 17 på 200m med resultatet 25,54. Dette er ein forbetring av hennar innandørspers frå forrige helg med 16 hundredelar.
I klassen for gutar 15 blei det dobbeltsiger til SI på både 60m og 200m med samme rekkefølge på begge løp; Alexander Skrede (7,55/24,40) tett fulgt av Jonas Fjordholm (7,58/24,67). Jonas forbetra forrige helg den sju år gamle alderskretsrekorden til Mathias Hove på 60m frå 7,57 til 7,44.
Alexander tok sitt tredje gull for helga i lengde, med resultatet 5,17.
Tomasz Siemieniuch tok bronsje på 200m for seniorklassen med tida 22,33.
Ludvig Hansen tok sølv i kule gutter 15 med resultatet 11,10m.