Skip to content

8.-9.juni er det klart for årets KM Rogaland på Sandnes stadion. Mesterskapet er for utøvarar frå 11 år og oppover.

Øvingsutvalg og klassar finner du her.

Påmelding
Foregår i iSonen med påmeldingsfrist mandag 3.juni kl 2355.
Avmelding kan ikkje utførast i iSonen etter at påmeldingsfristen har gått ut. Les meir om koss du melder deg av etter at påmeldingsfristen har gått ut under «Opprop».
Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.

Opprop
Det er IKKJE avkryssing på arrangementet. Istadenfor melder du frå viss du IKKJE ønsker å stille i ei gitt øving. Dette foregår ved at du trykker på søppelbøtteikonet i startlistene på nett ved siden av navnet du ønsker å melde av. Muligheten til denne formen for elektronisk avmelding er tilgjengelig fram til øvingsstart. Når du veit at du ikkje stiller, kan det vera lurt å melde seg av på denne måten med ein gong. Du kan bruka både PC og mobiltelefon.
Alternativt kan du melda deg av ved å senda SMS til tlfnr 98233356. Husk øving og namn.
Det blir fakturert dobbel startkontingent for utøvarar som ikkje melder frå at dei ikkje stiller i forkant av aktuell øving.
Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette.

Startnummer
Startnummer blir brukt under stevnet i alle øvingar for alle klassar. Dette blir delt ut enkeltvis på stevnekontoret. Individuelt startnummer blir også brukt på stafettar søndag. Dvs. det blir ikkje delt ut eigne startnummer for stafett.

Sko
Joggesko: Skal ha skosåle tynnare enn 2,5cm på distansar f.o.m. 800m og oppover. For distansar opp til 400m skal skosålen vera tynnare enn 2,0cm. Dette gjelder kun viss du løper i/med klassane G18/19, J18/19,MS og/eller KS. Viss du løper i/med ein klasse yngre enn dette, eller i eigen veteranklasse, er det ingen reglar knytta til bruken av joggesko.
Piggsko: Skal stå oppført i denne lista.

Tidsskjema og resultatservice
Blir lagt ut her kort tid etter påmeldingsfristen.

Me vil oppmoda om at alle ser over startlistene at de er påmeldte der de forventer det. Gi beskjed til solvi.rabben@icloud.com viss de ser noko som ikkje stemmer.

Search