skip to Main Content

Mandag gjekk det årlege lagmesterskapet i hopp utan tilløp i Sandneshallen. Det var rekorddeltaking og det blei oppnådd fleire fine resultater. Øvingane det blei konkurrert i var lengde, høgde og tristeg utan tilløp.

Soban Inayat og Rein Torsvik plasserte seg som nummer tri og fire på landsstatistikken for 2018 i sistnemnte øving med resultata 9,12 og 9,09. Pers på begge.

Agathe Holtan Wathne hoppa 2,50 i lengde utan tilløp. Dette er tangering av persen frå 2017 og identisk med årsbeste i laget satt av Liv Storhaug under KM i Haugesund i Januar.

Sondre og Gaute Aasmo imponerte i høgde utan tilløp med resultata 1,34 og 1,29. Begge havna med dette i toppen på G14-statistikken for 2018. I tristeg utan tilløp klinka Gaute til med 7,14. Årsbeste i landet i G14.

Elise Eikeland (J13) hoppa 6,54 og Synniva Kulkarni (J16) hoppa 7,05 i tristeg utan tilløp. Andre plass for begge på landsstatistikken for sin klasse.

Fullstendig resultatliste finner du her.

×Close search
Search