Skip to content

KM Rogaland inne 2020

På søndag kl 1100 er det klart for årets KM Rogaland inne i Sandneshallen. 178 utøvarar, er påmeldt, fordelt på 366 startar. Dette er eit fint høve til å finspissa formen før NM, noko startlistene også bærer preg av.

Merk at det er opprop i alle løpsøvingar, ein time før start, i alle klassar. Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette slik at me unngår utøvarar som ikkje får stilla til start.

Det vil bli gjennomført superfinalar for klassane fom 15 år på 60m. Unnataket er 60m J15 der det blir avholdt eigen finale. Viss det blir åtte eller færre som stiller til start i denne klassen, vil desse heller gå inn i kvalifiseringsuttaket til superfinalen. I alle kvalifiseringsrundar er tid avgjerande. 
Viss det er åtte eller færre etter opprop 60m G13, blir det direkte finale på oppsatt tidspunkt for kvalifisering.

Tristeg og 100m klasse for funksjonshemma, er innlagte øvingingar utanfor mesterskapet og blir ikkje premiert.

Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.

Tidsskjema

Resultatservice

26okt 26

Arborettrimmen 2026

Laurdag, 14.november, er det klart for årets første utgåve av Arborettrimmen. Dette koselege mosjonsløpet, som blei starta i 1978, foregår i Rogaland arboret. Datoane for årets tri løp er: 14…

Read more
05sep 26

Høstlekene 2026

Helga 19.-20.september er det klart for Høstlekene på Sandnes stadion. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. Stafettklassar laurdag: 4x60m G10-12, J10-12, G13-14, J13-14…

Read more
23aug 26

Jakob inviterer til Runfest

Med Sandnes Idrettslag som arrangør, inviterer Jakob Ingebrigtsen til Runfest 1.-3.oktober 2026. Dette er ein heilt ny gateløpsfestival i Sandnes. For alle, uansett form og erfaring. Ta på løpeskoa og…

Read more
Search