Skip to content

Mandag 5.mai går sesongens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.

Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
Påmelding: I Spond fram til og med 1.mai.
Etterpåmelding før arrangementsdagen: Ta kontakt med Sølvi Rabben på mail solvirabben@gmail.com.
Etterpåmelding på arrangementsdagen: Møt ved aktuell øving 15min før start og spør startordnar/øvingsleiar om du kan bli med. For tekniske øvingar går dette stort sett greitt. På løp kan det vera vanskelegare å få til, men det hjelper viss du allereie er forhåndspåmeldt i annan øving i stevnet.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Under finner du link til startlister. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Sølvi Rabben på mail solvirabben@gmail.com.

Tidsskjema

Resultatservice inkl startlister

Search