Skip to content

Mandag 30.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp. Utanom lagmesterskapet er det lagt inn ordinær tristeg. Det er klassar frå 12 år og oppover.

Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra lengde medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.
Det er lov å etterpåmelda seg på stevnet. Det blir lagt ut startkort på eit bord i hallen. Fyll ut eitt for kvar øving du vil bli med på. Skriv namn og øving. Blått kort for høgde og grønt for lengde og tristeg. Gi kortet til øvingsleiar.

Online påmelding (frist søndag kl 21:00)

Tidsskjema

Search