skip to Main Content

Klubbtur til Tyrvinglekene 2023

Tyrvingelekene er landets største friidrettsstevne for barn og ungdom. Det blir arrangert 16.-18. juni 2023 i Bærum Idrettspark.
Sandnes IL pleier å delta med mange utøvarar på dette stevnet. I år planlegger me lagstur med buss til Bærum.

Transport
Avreise med stor buss frå Sandnes stadion torsdag morgon 15.juni. Ankomst Bislett stadion torsdag ettermiddag i god tid før Bislett Games.
Retur frå Bærum Idrettspark søndag ettermiddag etter stevneslutt. Ankomst Sandnes stadion søndag kveld.

Overnatting
Hotell Scandic Asker torsdag – søndag. Informasjon om romfordeling blir lagt ut etter påmeldingsfristen.

Eigenandel
Eigenandel er satt til 1500 kr per utøvar. Dette dekker buss og hotell.

Billettar
Rabatterte billettar til Bislett Games får du ved å fylla ut dette skjemaet.

Påmelding
Påmelding til lagsturen foregår ved å fylla ut dette skjemaet.
Utøvarane står sjølv for påmelding til sine øvingar i iSonen. Husk å meld deg av øvingar som du veit du ikkje kjem til å delta i før påmeldingsfristen 8.juni går ut, slik at laget slepper ekstrautgifter.
Viss du er usikker på om du kan blir med på heile fellesopplegget, melder du deg på og skriver ein kommentar om det i kommentarfeltet i skjemaet. T.d. i samband med uavklart muntleg eksamen.

Påmeldingsfrist for lagsturen: torsdag 25.mai

Link til arrangementene:
https://tyrvinglekene.no/2023/03/velkommen-pa-tyrvinglekene/
https://oslo.diamondleague.com/oslo/

Search