Skip to content

Laurdag 25.februar kl 1100 er det klart for årets KM Rogaland inne i Sandneshallen. Mesterskapet er for utøvarar frå 11 år og oppover.

Påmelding
Foregår i iSonen med påmeldingsfrist mandag 20.februar kl 23: https://isonen.no/event/cla5m63c2136532811atycusro0c
Avmelding kan ikkje utførast i iSonen etter at påmeldingsfristen har gått ut. Les meir om koss du melder deg av etter at påmeldingsfristen har gått ut under «Opprop».
Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.
Aktuelle klassar og stafettøvingar her er:

  • G11/12,  J11/12: Donald-stafett (4x60m shuttle)
  • G13/14, J13/14, MS og KS: 4x200m stafett.

Opprop
Det er IKKJE avkryssing på arrangementet. Istadenfor melder du frå viss du IKKJE ønsker å stille i ei gitt øving. Dette foregår ved at du trykker på søppelbøtteikonet i startlistene på nett ved siden av navnet du ønsker å melde av. Muligheten til denne formen for elektronisk avmelding er tilgjengelig fram til øvingsstart. Når du veit at du ikkje stiller, kan det vera lurt å melde seg av på denne måten med ein gong. Du kan bruka både PC og mobiltelefon.
Alternativt kan du melda deg av ved å senda SMS til tlfnr 98233356. Husk øving og namn.
Det blir fakturert dobbel startkontingent for utøvarar som ikkje melder frå at dei ikkje stiller i forkant av aktuell øving.
Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette.

Superfinalar
Det vil bli gjennomført superfinalar for klassane fom 15 år på 60m. Superfinalane blir ikkje premiert, kun foregåande løp i påmeldt klasse. Viss det er fleire enn åtte som deltar i ein gitt klasse, vil det bli satt opp seada heat der tider er gjeldande i medaljekampen.
Deltakarar som ikkje ønsker å løpa superfinale melder frå om dette til startordnar før sin første 60m.
For klassar yngre enn 15 år blir det satt opp seeda heat, der tider avgjer medaljefordeling.

Startnummer
Startnummer blir brukt under stevnet i alle øvingar for alle klassar. Dette blir delt ut enkeltvis på stevnekontoret. Individuelt startnummer blir også brukt på stafettar søndag. Dvs. det blir ikkje delt ut eigne startnummer for stafett.

Piggsko
Det er ingen særkrav til bruk av piggar på friidrettsflatene i Sandneshallen. Det betyr at det er tillatt med opp til 9mm spisse piggar på friidrettsflatene. Merk at høgde kan foregå med tilløp på fleirbruksområdet der det kun er tillatt med opp til 9mm butte piggar.

Tidsskjema og resultatservice
Tidsskjema
Resultatservice/startlister
Streaming

Me vil oppmoda om at alle ser over startlistene at de er påmeldte der de forventer det. Gi beskjed til else.storhaug@lyse.net viss de ser noko som ikkje stemmer.

Search