Skip to content

Helga 10.-11.september er det klart for Høstlekene på Sandnes stadion. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. For langdistanseløparane er det lagt inn 10000 meter.

Etterpåmelding fram til torsdag kl 2000 på mail til else.storhaug at lyse.net. Etter dette tidspunktet foregår etterpåmelding ved å møta ved øvingsstad 15min før øvingsstart og spør øvingsleiar/startordnar om du kan få bli med.

Stafettklassar søndag:
4x60m G10-12, J10-12, G13-14, J13-14
1000m stafett J15-KS, G15-MS

Det er mogleg å melda på mikslag. Slike lag stiller i gutte/herre-klassen.
Informasjon om påmelding av stafettlag finner du i link til invitasjon under.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice bak namnet ditt for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir brukt i alle øvingar og kan hentast i Raddlastovå individuelt.

Husk skoreglene som gjelder i heat/grupper som inkluderer utøvarar frå og med 18 år. Viss du er i tvil om du har lovlege sko, fins det ei god oversikt over spørsmål og svar knytta til dette her.
Me vil spesielt gjera merksam på at det t.d. ikkje er tillatt med joggesko med tjukkare skosåle enn 2,5cm på 800m og lengre og 2,0cm på løp under 800m.

Invitasjon

Tidsskjema laurdag

Tidsskjema søndag

Resultatservice

 

 

Search