Skip to content

Som alternativ til Sørvestmesterskapet, som blir utsatt til 26.-27.februar, arrangerer Sandnes IL eit mindre stevne på opprinneleg helg 15.-16.januar. Søndag 16.januar blir kun brukt som arrangementsdag viss interessa for klubbstevnedelen er stor.

Klubb/lagsvise stevnedelar

Kvar klubb/lag melder inn sine ønsker for ein eller fleire stevnedelar der grupper på opp til 20 utøvarar frå og med 15 årsklassen kan gjennomføra sine øvingar. Ønsker blir sendt til Else Storhaug på mail; else.storhaug@lyse.net, av ein koordinator (oppmann, leiar, sportsleg leiar o.l) for klubben innan tirsdag 11.januar kl 23:59 og må innehalda ønska øvingar, namn og alder på utøvarar og fordeling av utøvarar og øvingar per gruppe der det er ønskeleg med meir enn ei gruppe. Aldersgruppene 13-14 år kan bli vurdert viss det er ønske om det. T.d. som eit alternativ for dei som har få 15+ utøvarar og difor lite intern-konkurranse i klubben.
Oppvarming foregår på fleirbruksområdet med adgang gjennom garderobar i underetasjen. Oppvarmingsområdet vil vera fysisk avsperra frå konkurrenseområdene. Det blir tildelt oppvarmingstid i forkant av stevnedel. Dette foregår parallelt med at anna klubb/lag gjennomfører sin stevnedel.
Me ber om forståing for at me av praktiske grunnar ikkje nødvendigvis kan møta alle ønsker/behov frå klubbar/lag.
Det er ingen geografiske avgrensingar på kva klubbar/lag som kan benytta seg av dette tilbudet.

Toppidrett
Etter stevnedelane dedikert til klubbar/lag laurdag, blir det gjennomført ein stevnedel for toppidrettsutøvarar som er definert som dette på arrangementsdagen.
Øvingsutvalg blir satt opp etter innspel/ønsker. Foreløpige øvingar for nasjonalt stevne toppidrett:

Kvinner: 60m, 100m, 60mhk, 400m, høgde, lengde
Menn: 60m, 100m, lengde
Det blir gjennomført ekstraløp på 60m, viss utøvarane ønsker det.
Påmelding til toppidrettsdelen av stevnet foregår på ordinært vis gjennom MinIdrett. Link til påmelding finner du her.

Merk følgande:

  • Det er ikkje mogleg å delta både i stevnedel for klubb/lag og for toppidrett. Viss du er usikker på kva del du ønsker å delta i, sørger du får at du blir meldt på begge og at arrangør får beskjed om kva for ein del du ønsker å delta i seinast 24 timar før aktuell øving. Det er per 7.januar anbefalt å gjera det på denne måten, i slike tilfeller, då det nå er noko uklart kva toppidrettsdefinisjon som vil gjelda 15.-16.januar.
  • Utøvarar kan ikkje entra konkurranseområdet før starttidspunktet for tildelt stevnedel for deira klubb/lag.
  • Spisse piggar skal ikkje brukast på fleirebruksområdet. Det vil bli avsatt tid mtp piggskodrag og annan spesifikk oppvarming i stevnedelen.
  • Arrangementet vil fortløpande bli justert ihht nasjonale smittervernsreglar og anbefalingar inn mot arrangementsdato.
  • Det vil ikkje bli adgang for publikum. Me satser på å få publisert streaming frå stevnedelane.
  • Journalistar, fotografar og øvrig media kan be arrangør om akkreditering.
  • Alle stevnedelar blir approbert slik at oppnådde resultater blir godkjent.

Sjølv om me har ei heil helg til å gjennomføra på, vil det diverre ikkje vera mogleg for alle å få konkurrert slik det er ønske om. Men me håpar dette kan vera eit kjærkomment tilbud under utfordrande forhold.
Dette stevnetilbudet har blitt utforma i samarbeid med NFIF og Sandnes kommune.

Search