Skip to content

Regjeringa opnar frå tirsdag 23.februar opp for ordinære stevner for U20 og toppidrett. Diverre er dette avgrensa til at det kun er utøvarar frå samme kommune som kan konkurrera mot kvarandre i samme stevnebolk. (Merk unnatak. Les meir på friidrett.no.) Då me har begrensa med tid i hallen, har me difor valgt å arrangera to stevnebolkar torsdag 25.februar. Ein for klubbar og lag i Stavanger kommune 1900-2015 og ein for Sandnes kommune 2030-2200.  Me ber utøvarar frå andre kommunar som ønsker å konkurrera om å ta kontakt med arrangør mtp å få til alternativt stevne for dei seinare.

Me har endra litt i øvingsutvalget som opprinneleg var planlagt for Jærcup 2. T.d. blir det 100m istadenfor 60m. Her er det høve til å få kvalifisert seg til sommarens mesterskap.
Øvingsutval i begge bolkar for klassane GJ15,16,17,18/19 (alle) og senior (kun toppidrett): 100m, 200m, 400m, 1500m, lengde, tristeg, kule

  • Utøvarar melder seg på i MinIdrett innan 23.februar kl 23:59.
  • Trenarar melder seg på her.

Det er diverre ikkje tilgang for publikum, men me har planar om streaming frå stevnet slik at det går ann å følga med. Dette finner du på Sandnes Idrettslag sine Facebook-sider.

Tidsskjema og resultatservice

Search