Skip to content

Åtte utøvarar frå SI reiste i helga til Bergen for å delta på Nornalekene. I fjor var dette det fjerde største innandørsstevnet her til lands.

Det blei medaljar og flotte personlege rekordar på fleire.

Nora Haugen tok gull i klassen for jenter 17 på 200m med resultatet 25,54. Dette er ein forbetring av hennar innandørspers frå forrige helg med 16 hundredelar.

I klassen for gutar 15 blei det dobbeltsiger til SI på både 60m og 200m med samme rekkefølge på begge løp; Alexander Skrede (7,55/24,40) tett fulgt av Jonas Fjordholm (7,58/24,67). Jonas forbetra forrige helg den sju år gamle alderskretsrekorden til Mathias Hove på 60m frå 7,57 til 7,44.
Alexander tok sitt tredje gull for helga i lengde, med resultatet 5,17.

Tomasz Siemieniuch tok bronsje på 200m for seniorklassen med tida 22,33.

Ludvig Hansen tok sølv i kule gutter 15 med resultatet 11,10m.

Search