Skip to content

På søndag kl 1100 er det klart for årets KM Rogaland inne i Sandneshallen. 178 utøvarar, er påmeldt, fordelt på 366 startar. Dette er eit fint høve til å finspissa formen før NM, noko startlistene også bærer preg av.

Merk at det er opprop i alle løpsøvingar, ein time før start, i alle klassar. Me vil oppmoda oppmenn, trenarar, leiarar og foreldre om å informera utøvarane sine om dette slik at me unngår utøvarar som ikkje får stilla til start.

Det vil bli gjennomført superfinalar for klassane fom 15 år på 60m. Unnataket er 60m J15 der det blir avholdt eigen finale. Viss det blir åtte eller færre som stiller til start i denne klassen, vil desse heller gå inn i kvalifiseringsuttaket til superfinalen. I alle kvalifiseringsrundar er tid avgjerande. 
Viss det er åtte eller færre etter opprop 60m G13, blir det direkte finale på oppsatt tidspunkt for kvalifisering.

Tristeg og 100m klasse for funksjonshemma, er innlagte øvingingar utanfor mesterskapet og blir ikkje premiert.

Stafettlag kan meldast på til stevnekontoret, på eige skjema, fram til ein time før start.

Tidsskjema

Resultatservice

Search