Skip to content

COOP Jærcup 1

Tirsdag 12.mai går sesongens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.

Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 400m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.

Etterpåmelding
Etterpåmelding før tirsdag: Ta kontakt med Sølvi Rabben på mail solvirabben@gmail.com.
Etterpåmelding på tirsdag: Møt ved aktuell øving 15min før start og spør startordnar/øvingsleiar om du kan bli med. For tekniske øvingar går dette stort sett greitt. På løp kan det vera vanskelegare å få til, men det hjelper viss du allereie er forhåndspåmeldt i annan øving i stevnet.

Det er lagt inn 300m som ekstraøving i tillegg til det ordinære Jærcup-programmet.

Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.

Link til startlister blir lagt ut her 10.mai. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Sølvi Rabben på mail solvirabben@gmail.com.

Tidsskjema

Startlister og resultatservice

05sep 26

Høstlekene 2026

Helga 19.-20.september er det klart for Høstlekene på Sandnes stadion. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar. Stafettklassar laurdag: 4x60m G10-12, J10-12, G13-14, J13-14…

Read more
23aug 26

Jakob inviterer til Runfest

Med Sandnes Idrettslag som arrangør, inviterer Jakob Ingebrigtsen til Runfest 1.-3.oktober 2026. Dette er ein heilt ny gateløpsfestival i Sandnes. For alle, uansett form og erfaring. Ta på løpeskoa og…

Read more
05aug 26

COOP Jærcup 5

Mandag 17.august er det igjen klart for COOP Jærcup etter sommarpausen. Stevnet startar kl 1730 og går på Sandnes stadion. I tillegg til dei programfesta øvingane for Jærcup 5, er…

Read more
Search